Tom sin besteven Martin ligg på sjukehuset. Saman med laget sitt skulle dei vunne årets viktigaste fotballkamp. Familien Gnork kjem flyttande til småbyen frå jungelen. Dei kan lage ein heidundrande medisin som kan gjere Martin frisk, om berre Tom gjer dei ei teneste. Både krokodillar, kattar og kvaler blir brukt for å teste ut medisinen, med uana konsekvensar. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.