Denne artikkelsamlinga er resultatet av det andre Eidsborgseminaret, som gjekk av stabelen i oktober 2022. Framleis er det eidsborgbryne som er utgangspunktet, men også andre handelsvarer frå øvre Telemark vert trekte inn for å gje ein større kontekst og fylle ut biletet. Dette andre seminaret tek oss også fram til mellomalder og tidleg nytid. Kva rolle spela utmarksressursane for øvre Telemark, og korleis påverka dei regionen når det gjeld handelsvegar, maktsenter og styresmakter? Dette er framleis hovudspørsmålet, men med fleire historiske kjelder kan ein teikne eit tydelegare bilete, og me kan få ei betre forståing av kva personar og motivasjonar som står bak. Eidsborgseminaret vert arrangert av Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark. Det er del av satsinga Vikingvegen, som har som mål å lyfte fram historia langsetter leia frå Hardangervidda til gravhaugane i Borre.