Det skal vera tid. Det skal vera skrift.

Jubileumsbøker  •  Voksne

Det skal vera tid. Det skal vera skrift. : tradisjon og trøbbel i norske tidsskrift

2024

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Tidsskrifter - Historie
  • Norsk tidsskriftforening
Norsk tidsskriftforening har invitert skribentar, redaktørar og forskarar til å diskutere tidsskriftas rolle i den nye boka Det skal vera tid, det skal vera skrift: Tradisjon og trøbbel i norske tidsskrift. Forfattarane er Bjørn Hatterud, Audun Vinger, Bjørn Egil Flø, Susanne Christensen, Birgitte Kjos Fonn, Eirik Vassenden, Lars Ole Kristiansen, Kjell Lars Berge, Lars Julius Halvorsen og Paul Bjerke. Audun Lindholm har intervjua Jonas Ekeberg og Sissel Furuseth. Redaktørar for boka er Audun Lindholm og Bente Riise. Nye idear og tankar kjem gjerne først til syne i tidsskrifta. Sidan 1700-talet har tidsskrifta vore arena for kritikk, debatt, underhaldning, feidar og folkeopplysning. I vår tid tar dei seg av stadig meir av journalistikken om kunst, kultur og avgjerande kunnskapsområde. Kva er det med tidsskrifta som gjer at dei framleis held stand? Og kva skal til for å sikre dei framover? Forfattarane viser korleis tidsskriftet utvidar ytringsrommet, og gjerne på uventa måtar. Tidsskrifta byggjer bruer mellom universitet, bibliotek, forlag, museum, aviser og litteraturhus. Dei fleste kan finne eit tidsskrift for sine interesser, og samfunnsdebatten kan vanskeleg tenkjast utan desse skodeplassane for kvalifisert ordskifte. Dei siste tjue åra har tidsskrifta organisert seg i kamp for betre levevilkår gjennom Norsk tidsskriftforening, og boka tar også for seg litt av arbeidet som er gjort her. Alle vinnarane av Årets tidsskrift er med, og boka er rikt illustrert.

Utgaver