Denne dystopien finn stad i ei alternativ røyndom, etter at Noreg har utsett samar for etnisk reinsking. Etter krigen reiser mor og dotter, Raisa og Nàsti, til Finnmark for å leve etter dei gamle tradisjonane. Dei kommer til ei leir i Karasjok, og snart straumar samar frå hele verda til Finnmark, der ein ny stat blir til. Men nesten før den nye staten er eit faktum, blir han angripe av Noreg, Nord-Noreg, Finland og Russland. Samstundes som Raisa gjer alt ho maktar for å kjempe både for Sápmi og dottera, driv vala hennar ei stadig større avstand mellom dottera og ho sjølv. Omtalen er utarbeidd av BS.