Den store festen

Bildebok  •  6 – 12 år

Den store festen

Tor Edvin Dahl

2000

Illustratør:
Lars Elling

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Oslo
Ein tukan feilnavigerar ved Gibraltar og hamnar i det høge nord der han møter dei mange som skal vere med å feire tusenårsdagen til Oslo. Han møter Harald Hardråde i vikingskipet sitt, Ibsen, Nora og Helmer på Oslo stasjon, Laffen i kjent svev i Holmenkollen, jentene på fabrikken og elles Lillebil, Gjest, Kirsten, Amundsen, Nansen og mange fleire. Alle er på veg til festen, og eit eventyr av ein fest blir det, synest tukanen. Forfattaren har på ein god måte fått til ei engasjerande og leseverdig historie om ein stor fest samstundes som han gjev glimt frå ein by si historie og av eit knippe kjente fjes gjennom 1000 år. I historia spelar han på det desse personane er kjent for, og får dette godt og naturleg til. Til boka, som var Oslo kommune si jubileumsgåve til alle fyrsteklassingar, er det også laga ei lærarrettleiing, og boka kan vera utgangspunkt i pedagogisk samanheng utan at det pregar historia. Dei gode, uttrykksfulle fargestiftteikningane til Lars Elling gjev historia ein ekstra dimensjon, og med sikker strek i lett karikert stil lagar han attkjennande bilete av dei mange Oslofjesa. Nynorsk. Samlaget, 2000.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content