Høgtlesing. "Den forunderlige historia om Valdemar Blå og reisa gjennom havet" er historia om den vesle berggylteungen Valdemar, som skulle ønskje at han var sild i staden. Sildeungelatter er så smittsam! Og så er dei så mange i sildefamilien, heile femtifem, så kvifor er berggyltefamilien berre to? spør Valdemar mora si. Livet er inga dans på sjøroser, svarer mora, og legg to sjøstjerner over auga sine. Valdemar har lyst til å finne pappaen sin, men han er heilt på andre sida av havet. Og mora vil ikkje snakke om han. Da vil Valdemar rømme med Golfstraumen til andre sida av havet. Men det er ei farleg ferd. Ill. av forfattaren. 68 s. Ib. 2003.