Antologi  •  Novelle  •  Bildebok  •  Dikt  •  3 – 10 år

Den Beste biletboka. 1

1998

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

I desse to bøkene er mange kjende og kjære biletbøker samla. I den første boka har ein samla eit utval for dei yngste barna medan den andre boka er tenkt til dei litt større barna. Innimellom finn ein i begge bøkene dikt, regler og songar med notar. Bøkene har delikat layout. Illustrasjonane frå dei tidlegare utgåvene er nytta bortsett frå "Bæ, bæ vesle lam" som er illustrert spesielt for denne boka. Denne løysinga gir stor variasjon i illustrasjonane når det gjeld form og uttrykk, og ein del ber preg av å verelaga lang tid attende. Formatet på bøkene yter ikkje alltid originalutgåvenerettferd. Dette gjeld t.d. Påls bamse og Ein dag med Berit kor fleire bileteer plassert på same side. Språkleg fungerer det godt. Bakerst finn ein forfattar-, illustratør- og tittelregister med kjeldehenvisingar. Alt i alt har dette blitt to fine samlingar av biletbøker som i fleire år har vore vanskelege å få tak i. Her er mykje å kose og gle seg over både for stor og liten. Samlaget, 1998.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content