Dei norske borgarkrigane 1130-1240

Voksne

Dei norske borgarkrigane 1130-1240

Hans Jacob Orning

2021

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Norge - Historie - 1130-1349
Såkalla krisetider kan òg vere ein normaltilstand, meiner professor i mellomalderhistorie Hans Jacob Orning. I boka viser han at borgarkrigstida i Noreg, tida mellom 1130 og 1240, sant nok var prega av regionale feidar, men at både kongsmakta og kyrkja hadde sterk interesse av å skape eit bilete av tida som eit valdeleg samfunnssamanbrot. Eit godt samfunn var eit samfunn der bøndene vart leia av og lydde konge og biskopar. Orning tek utgangspunkt i kongesogene for å fortelje om menneska på denne tida. Dei hevda sin rett, brukte naudsynt vald, men kunne òg løyse konfliktar med fredelege middel og gjennom samarbeid. Orning ønskjer å formidle ei meir differensiert forståing av kva kriser er, og her trekkjer han også linjer til kriser i nyare tid. Det er alltid nokon som har noko å tene på at vi oppfattar ei hending eller ei tid som ei krise. I Samlaget sin serie KRISETID tek nokre av våre fremste fagfolk for seg ulike historiske kriser i verda. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube