Denne boka tek føre seg dei tradisjonelle litterære sjangrane epikk, drama og lyrikk. Kvart kapittel gir ei grunnleggjande innføring i den enkelte sjangerens historie, kjenneteikn og analytiske omgrep. I tillegg inneheld boka eit innleiingskapittel om sjangeromgrepet samt eit kapittel om sakprosa. Dei litterære omgrepa er illustrerte med tekstdøme, i tillegg har boka modelltekstar som viser korleis ein kan analysere tekstar i dei ulike sjangrane. Målgruppa er bachelorstudentar i nordisk og litteraturvitskap og dei som tek norsk som ein del av lærarutdanninga. Omtalen er utarbeidd av BS.