Bøkene om Bø og Bæ er enkle historier med morosamme poeng. Bø og Bæ har gløymt att krokketspelet ute, og når toreveret kjem, må dei ut i mørket for å ta det inn. Dette er ei skremmande situasjon som vert morosam når lyset kjem att. Tydelege bilete i dempa, men klåre fargar og tekst i store, gode bokstavtypar gjer bøkene lett tilgjengelege. Teksten er enkel. Teksten og illustrasjonane fungerer godt saman og får fram dei gode poenga i dei kvardagslege situasjonane.