Lån boka
Om boka
Dette er forfattarens andre roman. I 2001 fekk forfattaren Brageprisen for debutboka "Skråninga". "Bipersonar" handlar om menneske som lever liv som grensar opp til kvarandre og som alle speler roller som bipersonar i kvarandre sine liv. Vi møter Thomas, som er bluesmusikar og sonen Kjell, som stikk når faren treff ei ny kvinne. Svigerfar hans, Marselius, er ein sta og gamal mann som lir under skuldkjensle for eigne svik. Vi møter også Ivar, bror til Thomas og den andre sonen Peter, som også har sine ting å stri med. Og ikkje minst treff vi Arnt, forfattaren som strever med å skrive ein roman om slike spørsmål som desse personane strir med, om vilkåra for å kunne leva seg inn i verda til eit anna menneske, og spørsmål om skuld og soning, og der Thomas er ein av bipersonane i romanen hans.