Den vesle jenta Bergfri, som bur aleine, ser ein dag at det manglar nokre eple på epletrea i hagen. Ho ringer til Kakaoen, morfar sin gode ven, og berhan om hjelp til å finne ut kven som stel epla. Det finn dei snart ut, men det er ikkje lett å få has på tjuven. Difor dreg dei i Kakao sitt helikopter, over Løvstakken og Fyllingsdalen, til Kanadaskogen kor mormor bur og ber ho om hjelp. Forteljinga, som er litt spanande, har ein del setningar som er utheva med store skrifttypar for å streka under det som skjer. Illustrasjonane er akvarellar med klåre fargar. Cappelen, 1998.