Eg-personen i Badesommar er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Så blir det fødd ein liten bror, som skal lære seg alt, og mormor fortel noko hemmeleg frå då ho var ung. Saman byrjar dei tre å vente på sommaren. Badesommar er dikt for både barn og vaksne. Dei fortel om å vere ung og gamal, om å vere redd og å tore - og om å symje i alt slags vatn. Boka er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Dikt for småskole-/mellomtrinnet.