Arvid Mæland

Biografier  •  Voksne

Arvid Mæland : mitt liv som cowboy

Håvard Ovesen

2023

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Arvid Mæland, 1968-
  • ADHD
  • Bjerkreim
Dette er forteljinga om cowboyen, bonden og jærbuen Arvid Mæland. Han sjarmerer, engasjerer og irriterer. Det siste ville påfunnet hans er å hogga ut hovudet til kong Harald i fjellet over garden Lauperak i Bjerkreim der han bur. Mæland sitt liv er ikkje A4. Han køyrde sjølv til skulen med lastebil i fjerde klasse, tok med seg esel då han vart kalla inn til førstegongsteneste og kjøpte ein gigantisk ranch i Arkansas på impuls. Mæland har nærast reist verda rundt som ein utradisjonell reiseleiar, og i vaksen alder fekk han ADHD-diagnose. Mæland har hatt sin del av motgang, men er ein kløppar til å snu ein kvar situasjon til ei positiv oppleving, både for seg sjølv og for dei rundt. Det er ikkje alltid det går i pluss, men det er heller ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at det skjer noko nytt. Mange har blitt kjende med Arvid Mæland gjennom NRK-serien Cowboyen og Kongen. Men kven er han eigentleg? Eit ekte mannfolk? Ein villbasse? Ein tulling? Eit geni? Journalist Håvard Ovesen har hatt mange samtalar med Mæland for å finne svar på desse spørsmåla. Boka er full av røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar, men inneheld også innblikk i kva det kostar å leva med stadig tankespinn, uro og ustyrleg skaparkraft.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content