Eureka, pappa og Arkimedes er på Sardinia. Dei har segla dit på verdas største snøball, heile vegen frå Noreg. Den slu italienaren Luskoni kjøper den digre snøballen av pappa for ti millionar. Og pappa sel meir enn gjerne. Men sola steiker og snøballen halverast, og pappa, Eureka og Arkimedes blir kasta i fengsel. Då får pappa ein skikkeleg oppfinnar-idé. Dei kan selje snø på boks. Genialt, synest Luskoni. Ikkje fullt så smart, synest Eureka. Ho er trøytt på heile Italia og Luskoni og vil heim. Men det spørs om pappa blir med. Biletbok for førskolebarn/ungdomstrinnet.