Året 1814 er det store frigjeringsåret i norsk historie, og i denne boka tar forfattaren for seg utviklinga som førte fram til hendingane i 1814. Den viser korleis ulike historikarar har tolka 1814 tidlegare, og opnar for ei nytolking av 1814. Boka er skriven for studentar i historie, men er relevant for andre fag som tar for seg emnet. "Utsyn og innsikt" er ein serie kortfatta introduksjonsbøker til større emne i historieforskinga.