Gjennom fire årstider har forfattar og fotograf reist på oppdagingsferd på Sunnmøre og samla dei beste og vakraste opplevingane i denne boka. Dei skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden og matopplevingar utenom det vanlege. Boka skal vera ei kjelde til å finna nye mål for søndagsturen eller ei inspirerande stund i godstolen. Rebecca Nedregotten Strand arbeidar som journalist og kulturreporter i NRK. June Johansen er utdanna fotojournalist.