Gunnar Garfors har, som einaste nordmann, vore i alle verdas 198 land. Ikkje nok med det, han innehar òg ein Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og byr på utradisjonelle reisetips som sannsynlegvis ligg langt utanfor komfortsona til den gjengse nordmann. I tillegg har han laga fleire lister, mellom anna over dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 25 minst besøkte landa i verda, dei aller farlegaste landa og kva land som har dei flottaste damene.