Har eg rettstryggleik?
Samtale, debatt og foredrag
Voksne
Dette arrangementet må dessverre utsettes pga sykdom. Vi kommer tilbake med en ny dato til neste år!
Avlyst
Dette arrangementet er avlyst
Kva gjer du om du vert saksøkt av ein nabo som vil ha vegrett over eigedomen din, eller du vil saksøkja kommunen fordi barnet ditt vert mobba på skulen? Straks du går til ein advokat, innser du at det i dag er så dyrt å forsvara eller krevja sin rett for domstolane, at dette er eit gode for dei med over gjennomsnittet ressursar eller stor risikovilje. Dette er den klassedelte rettsstaten, som særleg har vakse fram dei siste tiåra, og som skadar både demokratiet og tillitssamfunnet, ved sida av å ta frå innbyggjarane rettstryggleiken deira.