Søster

Roman  •  3 – 15 år

Søster

Jon Fosse

2000

Illustratør:
Vá Leong

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Ein fire år gamal gut bur saman med mor, far og ei søster som er eitt år yngre. Landskapet er landleg og med kort avstand til sjøen. Guten utforskar tilværet rundt seg, både på eiga hand og saman med søstera, men borna vert heile tida henta inn att av mora som har eit noko uavklara forhold til omsorgsrolla si. Ytre sett er forteljinga enkel, men ho tek samstundes opp eksistensielle spørsmål kring tilværet. Stemningsfullt og vart grip Fosse fireåringen sine tankar og refleksjonar. Guten sine sanseinntrykk ber forteljinga, og observasjonane hans, lengten og ikkje minst einsemda, den djupe uforklarlege, er formidla med språkleg presisjon. Det er ei vakker lita bok som nok også vil appellere til dei vaksne. Mezzotint- illustrasjonane til Leong Vá gjev luft og rom til det fortalde, samstundes som dei kommenterer hendingane på eit konkret og sanseleg plan. Samlaget, 2000.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content